FORTLOQ
Ta kontakt

Vi startar der standardsystema sluttar.

FORTLOQ utviklar programvare for fysisk sikkerheit. Vi leverer spissa løysingar til konkrete bransjebehov, integrert mot eksisterande adgangskontrollsystem.

Ta ein prat med oss
01

Initiativet

Adgangskontroll er eit felt med maskinvare og komponentar i konstant utvikling. Styringssystema kan derimot ligge 20 år bak moderne standard, prega av generisk funksjonalitet, tungvinte grensesnitt og manglande integrasjonar. Fysiske oppsett blir tilpassa lokale forhold til minste detalj, medan programvara kjem til kort i møte med realitetane i den enkelte bransje.

Dette teknologigapet skal FORTLOQ bidra til å tette.

02

Tilnærming

Dei fleste har eit adgangskontrollsystem i dag. Nokre har fleire, på tvers av generasjonar og leverandørar. I samråd med leverandørane integrerer vi oss direkte mot relevante system og utviklar bransjetilpassa funksjonalitet på toppen.

Kjernen i dei eksisterande sikkerheitsløysingane består – vi tilfører moderne grensesnitt med fullintegrerte løysingar for bransjespesifikke behov.

FORTLOQ er eit uavhengig tillegg, ikkje eit proprietært alternativ.

03

Målgruppe

Løysingane våre er retta mot næringseigedom og kritisk infrastruktur. Her blir fysisk sikkerheit stadig viktigare, i kraft av både reelle truslar og formelle krav. Dette kan gjelde alt frå hamner, datasenter og nettselskap til eigedomsaktørar og industriproduksjon.

Felles for alle er at behovet for tilpassa løysingar veks i takt med behovet for kontroll.

04

Kven vi er

FORTLOQ er nytt, men folka er ikkje. Gjennom vårt søsterselskap PocketID, starta i 2014, har vi lang erfaring med brukarhandtering, integrasjonar og automatisert dataflyt – i dag med 170 000 brukarar i løpande drift.

Med denne bakgrunnen meiner vi at dette kan gjerast skikkeleg. Vi er eit lite team i vekst, og du snakkar direkte med dei som byggjer.

Sindre Seppola Reed — Dagleg leiar og gründer
Sindre Seppola Reed
Dagleg leiar og gründer
Stian Lunde Nesdal — Teknisk sjef
Stian Lunde Nesdal
Teknisk sjef
Markus Bjørnereim — Produktsjef og forretningsutviklar
Markus Bjørnereim
Produktsjef og forretningsutviklar
Morten Hilde — Support
Morten Hilde
Support
05

Ta gjerne kontakt

Vi vil gjerne høyre kva utfordringar du står i – uansett bransje. Ta ein uforpliktande prat, så lærer vi alle noko nytt i dag òg.

Sindre Seppola Reed
Dagleg leiar og gründer
sindre@fortloq.com 958 78 706