FORTLOQ koplar anløpsdata frå SafeSeaNet til adgangskontrollsystemet i hamna, og styrer tilgangen for mannskapet automatisk for kvart enkelt anløp.
Be om ein demo →ISPS stiller krav til sikring og kontroll av hamneområdet. For mannskap på skip er individuell tilgangsstyring krevjande å gjennomføre manuelt: opphalda er korte, volumet er stort, og utskiftinga skjer heile tida.
Tilgang blir derfor ofte gitt som felles kodar, med varierande praksis for kor lenge dei gjeld.
Kvar hamn har sin eigen portal i SafeSeaNet med oversikt over sine anløp. FORTLOQ blir kopla direkte til denne portalen. Integrasjonen er utvikla i samråd med Kystverket.
Alle aktuelle anløp blir henta automatisk frå det offisielle rapporteringssystemet SafeSeaNet.
Hamna handsamar anløpa i forkant av ankomst, inkludert tildeling av kai eller område tilgangen skal gjelde for. Dette skjer i eit grensesnitt nøye tilpassa oppgåva.
Tilgangen blir aktivert ved ankomst og avslutta ved avgang, utan manuelle steg undervegs.
Systemet støttar to måtar å gje tilgang på.
Når detaljerte mannskapslister er rapporterte i SafeSeaNet, kan kvar person få sin eigen kode. Passeringar kan då sporast til enkeltperson.
Eit anløp kan i staden få éin kode for heile mannskapet. Den er automatisert på same vis, og gjeld berre i det tidsrommet anløpet faktisk pågår.
FORTLOQ gjer individuell tilgangsstyring og sporbarheit på personnivå til ein realitet, utan den administrative belastninga som til no har stått i vegen.
Høgare sikkerheit. Utan ekstra arbeid.
Systemet er utvikla og testa internt, med pilotering på utvalde hamner rett rundt hjørnet. Ta kontakt om du vil vere blant dei som testar tidleg og får påverke det vidare arbeidet.
Vil du sjå korleis systemet fungerer? Ta kontakt, så avtalar vi ein gjennomgang.